Vil du bli ein del av Fokus?

Vi er alltid på jakt etter flinke folk som kan bli ein del av laget vårt.

Er du ingeniør eller montør som trivst i lag med kundar og kollegaer og er opptatt av å gjere ein skikkeleg jobb, så er Fokus Elektro plassen for deg.

Vi er alltid på jakt etter flinke folk som kan bli ein del av laget vårt.

Kvifor skal du velge Fokus Elektro?

I Fokus Elektro kan vi tilby faglege utfordringar, i eit godt arbeidsmiljø. Vi ønsker at dei tilsette skal få utvikle seg gjennom å ha spennande arbeidsoppgåver. Relevant kursing og opplæring vert sjølvsagt også gitt. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og innskotsbasert pensjonsordning med 4 % innskot.

Vi har stort fokus på at våre tilsette skal trivast på jobb. Difor arrangerer vi sosiale aktivitetar for dei tilsette og reiser på turar i både inn- og utland. Vi har sykla Rallarvegen saman, køyrd racerbil i England, vore på Volvo Ocean Race-museum i Alicante, vore på tur til Island og Tyskland, i tillegg til ei rekke turar i heimfylket og aktivitetar i heimbyen Florø.

Vi er alltid på jakt etter flinke folk som kan bli ein del av laget vårt.
Bli med på Fokus Elektro-laget
Fokus Elektro har fleire sosiale samlingar i løpet av året • fokuselektro.no

Ledige stillingar

Vi er alltid på jakt etter flinke fagfolk, både elektrikarar og prosjektleiarar. Ønsker du å jobbe hos oss? Send oss gjerne ein søknad og CV til post@fokuselektro.no.
Fagbrevutdeling • Fokus Elektro

Godkjent lærebedrift

Elektrikar • automasjon • telemontør • tavlebygging • industrimekanikar

Godkjent lærebedrift • Fokus Elektro

Som lærling hos oss vil du få praktisk og teoretisk kunnskap om faget, gjennom ei læretid på 30 månader. Fagleg leiar i Fokus Elektro har det overordna ansvaret for lærlingar og utviklinga deira. Ein erfaren fagarbeidar har ansvar for den praktiske opplæringa av lærlingane våre.

Kven ønsker vi som lærlingar?
Vi tek inn mange lærlingar kvart år og ønsker deg som er ansvarsbevisst og har stå-på-vilje. Får du læreplass hos Fokus Elektro blir det oppretta skriftleg opplæringskontrakt mellom deg og bedrifta.

Korleis søker du?

  • Søknadsfristen for lærlingar er 1. april kvart år.
  • Send søknad til post@fokuselektro.no.
  • Merk søknaden med «Lærling», og legg ved karakterar og eventuelle attestar.
  • Oppstart kvart år rundt 15. august.

Løn
Lærlingar får løn etter eigen tariff

Arbeid i Fokus Elektro etter læretida?
Etter bestått fagprøve i Gr.L kan du ha gode moglegheiter for ei vidare karriere her hos oss. Vi har òg lærlingar på automasjon, telemontør, tavlebygging og industrimekanikar. Dei som ønskar vidareutdanning får dette i samarbeid med Fagskulen Vestland.

Fokus Elektro fagbrev elektrikerfaget