Fokus Elektro ekspanderer og har tatt over nabobygget til Auto 8-8 i Florø. No er det pussa opp og gjort om til ein moderne tavleverkstad. Her er lærlingar, montørar og ingeniørar i full sving med å produsere tavler til store og små prosjekt som skal leverast over heile landet.

Erlend Hatleset og Tor Helge Knutsen i Fokus Elektro prosjekterar tavleløysingar for eit breitt spekter av kundar. Tavler er hjartet i det elektriske anlegget til eit bygg. Den fordelar straumen og sørgjer for at sikringar og vern fungerer slik dei skal. Det kan vere tavler til næringsbygg, industri, infrastruktur eller andre større prosjekt. På verkstaden på Evja leverer dei tavler dimensjonert opp mot 4000 ampere. Til samanlikning er sikringa du har til elbilladaren din heime på 32 ampere.

Arbeidet til Erlend og Tor Helge omfattar meir enn sjølve teikninga. Dei følgjer prosjektet frå sal og prosjektering til tavla er levert og mottatt på lokasjonen.

– Vi skreddersyr tavlene til kvart prosjekt. Kunden kjem med spesifikasjonar og kva dei treng og så teiknar vi ei tavle som er dimensjonert og rett utstyrt til prosjektet, fortel Erlend Hatleset.

Erlend Hatleset i tavleverkstad • Fokus Elektro
Tor Einar Knutsen prosjekterer tavler • Fokus Elektro

Erlend Hatleset viser fram deler av installasjonen til Posten Bring sitt nye distribusjonssenter, medan Tor Helge Knutsen er godt i gang med prosjektering av eit ny tavle til kunde.

Frå teikning til tavle

Når kunden har godkjent teikninga startar dei med å bygge tavlene. Det er høg aktivitet i bygget og rundt åtte til ti personar er alltid i sving på tavleverkstaden. Teknikar Allan Solheim er ein av dei som no byggjer tavla som skal leverast til Posten Bring sin nye hovudterminal på Vestlandet.

– Det som er så spennande med tavlebygging er at det forandrar seg heile tida. Prosjekta er varierte og det skjer stadig noko nytt med teknologien vi brukar. No er eg i gang med å montere eit lysbuevern i tavla; ei spesiell sikring som oppdagar farlege elektriske gnistar og kutter straumen før ein brann startar, fortel Allan.

For tavlebyggarane handlar arbeidet om meir enn å montere komponentar etter ein teikning. Nøyaktigheit, kunnskap og forståing av korleis dei ulike delane fungerer saman er avgjerande når tavlene skal kunne handtere store mengder elektrisk energi på ein trygg måte.

Allan Solheim i tavleverkstaden • Fokus Elektro

Styrer tavlene med eiga heimeside

I dagens tavler er det mange moglegheiter for ein kurs og kva som kan overvåkast, alt frå energiforbruk, lastkvalitet, spenning og status om tripp og betjening. Kvar kurs kan igjen koplast til ein panelserver i tavla, der kunden og Fokus Elektro har tilgang til alt som blir overvåka.

– Her kan vi sjekke status og dersom skulle oppstå eventuelle feil får vi varsel om dette. Dette gjer at vi kan respondere raskt ved ein feil, som igjen gjer drifta tryggare og meir kostnadseffektiv for kunden, forklarar Tor Helge.

Lærlingane tar del i arbeidet

Tavleverkstaden er også ein plass for opplæring. Kiara Da Silva er andreårslærling i elektrikerfaget hos Fokus Elektro og får prøve seg på tavlebygging.

– Akkurat no monterar eg ledningane som går frå hovudkursen og ut i sikringane. Det er mange ledningar som skal på plass, og det er kjekt å jobbe med. Det er stor variasjon i det ein får jobbe med som elektrikar.

Kiara trekkjer spesielt fram det gode arbeidsmiljøet hos Fokus Elektro.

– Eg trivst veldig godt her. Eg har mange hyggelege kollegaer, og det er alltid nokon å spørje dersom det er noko eg lurer på. Det gjer det kjekt å kome på jobb. Eg føler eg har funne yrket mitt, smiler ho.

Lærling Kiara Da Silva • Fokus Elektro

Kiara Da Silva trivast godt i Fokus Elektro.

Dei nye lokala kjem som følge av at elektrobedrifta har vunne fleire store kontaktar. Dagleg leiar Tore Nyttingnes meinar tavleverkstaden er eit viktig steg for Fokus Elektro.

– Vi har hatt sterk vekst og behov for nye og moderne lokale for tavlebygging her i Florø. No får vi plass til ein større produksjon og vi kan ta på oss større oppdrag enn før. Med tavleverkstaden på Evja samlar vi heile prosessen frå sal og prosjektering til ferdig tavle i Florø. No skal vi levere tavler til heile landet, avsluttar Tore med.

Tavleproduksjon • Fokus Elektro
Tavleproduksjon • Fokus Elektro
Tavleverkstad • Fokus Elektro
Erlend Hatleset • Fokus Elektro

Vi hjelper deg med å finne den beste løysinga

Erlend Hatleset
Avdelingsleiar næring og automasjon

erlend.hatleset@fokuselektro.no
466 47 174