Berekraft
Miljøfyrtårn
Fokus Elektro er ei sertifisert Miljøfyrtårn-bedrift, og vi jobbar systematisk for å redusere klima- og miljøavtrykket vårt. Målet vårt er å levere tenester med høg kvalitet og effektivitet, utan å gå på kompromiss med omsyn til miljø og samfunnsansvar.
Gjennom Miljøfyrtårn-ordninga kartlegg vi jamleg energibruk, avfallshandtering, transport og innkjøp, og set i gang tiltak for kontinuerleg forbetring. Dette gir oss eit viktig styringsverktøy og bidreg til openheit og dokumentasjon i tråd med krava i sertifiseringa.
Les meir i vår siste Miljøfyrtårn-rapport. Her kan du sjå konkrete resultat, tiltak og fokusområde i miljøarbeidet vårt det siste året.
EcoVadis
EcoVadis er ein leiande global plattform som vurderer berekraftspraksisen til bedrifter. Gjennom ei grundig analyse får vi innsikt i korleis vi ligg ann miljømessig, sosialt og etiske vurdert opp mot internasjonale standardar som ISO 26000, GRI (Global Reporting Initiative) og FN sine berekraftsmål.
Gjennom systematisk arbeid med berekraft over tid har Fokus Elektro oppnådd sølvstatus hos EcoVadis. Det plasserer oss blant dei 15 prosent beste verksemdene som er vurderte.
Berekraftsrapport
Vi trur at ansvarleg drift og berekraft går hand i hand. Gjennom kontinuerleg forbetring og bevisste val arbeider vi for å redusere miljøavtrykket vårt, skape verdi for samfunnet og drive verksemda på ein etisk og transparent måte.
Les meir om korleis vi arbeider med berekraft i berekraftsrapporten vår.
Vi ønsker innspel til klima- og miljøarbeidet
Fokus Elektro AS skal bidra til eit meir berekraftig samfunn og tar derfor ansvar for miljøpåverknaden vår. Ein viktig del av arbeidet er å vere Miljøfyrtårn-sertifisert.
Ein del av Miljøfyrtårn-sertifiseringa handlar om samspelet mellom bedrifta og samfunnet. Derfor inviterar vi kundar, samarbeidspartnarar og andre interessenter til å gi innspel om korleis klima- og miljøpåverknaden av tenestene våre kan forbedrast. Innspela gir oss nyttig innsikt i behova og forventningane de har til Fokus Elektro AS i åra framover.
Har du innspill til korleis vi kan forbetre oss?
Send forslag til vår miljøfyrtårnansvarlig, Britt Kvalvik Hafstad, britt.hafstad@fokuselektro.no eller kontakt oss på tlf.: 57 75 29 20.








